Heim > Norsk Bibliotekforeining > Kva skal NBF gjera i 2010-2012?

Kva skal NBF gjera i 2010-2012?

Norsk bibliotekforeining har ein verkeplan (NB: ikkje verkjeplan…) som blir vedteken på landsmøta. Verkeplanen for 2008-2010 er på 12 punkt som varierer frå det som er prinsipp (arbeide for gratisprinsippet) til det ugjennomførlege (iverksetje eit program for mobile bibliotektenester).

Vi hadde ein runde om dette på kontaktmøtet i oktober og styremøtet i desember. Det er styret som skal koma med framlegg til landsmøtet om verkeplan, så det er berre tida og vegen. Underteikna leiar ei arbeidsgruppe der òg Ola Eiksund, Halvor Kongshavn og Ingeborg Rygh Hjorthen sit. Vi skal koma med eit framlegg til styremøtet i byrjinga av februar. Konklusjonen frå styret så langt er at planen bør skifte namn til handlingsplan, bli meir konkret og peike på aktuelle bibliotekpolitiske spørsmål: kvar vil vi at NBF skal vera om to år?

NBF har eit prinsipprogram òg, og det er eit mål at handlingsplanen ikkje skal vera ein kopi av det. I prinsipprogrammet er saker som gratisprinsippet, ytringsfridom, utdanning og forsking, teknologi, økonomi og organisering dekte. Handlingsplanen må meir vera ei konkretisering av dette. Kva er viktigaste ytringsfridomsspørsmål i neste periode? Kva prioriterer vi i det internasjonale arbeidet? Korleis skal biblioteka møte dei digitale utfordringane?

Det manglar ikkje på utfordringar, kva meiner du er viktigast i dei to åra som kjem?

Advertisements
  1. 14. desember 2009 ved 15:27

    IFLA lanserer sitt program for Building Strong Library Associations i Gøteborg. Hovedvekten ligger på «advocacy», dvs. evne og vilje til å «tale bibliotekets sak» utad – i lokalmiljøet og høyere opp (regionalt og nasjonalt). Programmet – som blir en helt sentral IFLA-aktivitet – vil løpe i 2010-11 og kanskje 2012.

    Minner en del om kampanjen @your library (fr@ ditt bibliotek) – men legger mer vekt på organisasjonsutvikling, kompetansebygging og solid argumentasjon (evidence-based) enn på markedsføring.

    NBF kan både lære mer om «advocacy» til bruk i Norge – og bidra til profesjonaliseringen av bibliotekforeninger i andre land.

    • Vidar Lund
      15. desember 2009 ved 10:01

      Dette er eit godt poeng. NBF sentralt er gode på lobbyarbeid og politisk påverknad, men eg ser at lokalavdelingane og spesialgruppene slit meir med slikt arbeid. I gjeldande verkeplan er det berre punkt k) som går på meir organisasjonsinterne prioriteringar – og det er ganske vagt. Det er ei stor og viktig utfordring å gjera fleire av lokalavdelingane sterke nok til å ta ei slik rolle i respektive område. Somme får det til, men det er heilt klart viktig over heile landet.

  1. No trackbacks yet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: