Heim > ABM-Utvikling, bibliotek, Nasjonalbiblioteket, Norsk Bibliotekforeining > ABM-Utvikling og Nasjonalbiblioteket

ABM-Utvikling og Nasjonalbiblioteket

Den største diskusjonen om biblioteka i statsbudsjettet (etter vonbrotet over manglande millionar til folkebiblioteksatsing) gjeld arbeidsfordelinga mellom ABM-Utvikling (ABM-U) og Nasjonalbiblioteket (NB). Norsk bibliotekforeining (NBF) har jobba mykje med dette, og har no hatt møte med alle dei raudgrøne fraksjonsleiarane i Familie- og kulturkomitéen på Stortinget.

Utgangspunktet er at St.meld. nr. 23 (2008-2009) om bibliotek slær fast at departementet vil sjå på kva oppgåver ABM-U skal ha på bibliotekfeltet kontra kva Nasjonalbiblioteket gjer. I meldinga står dette:

«Departementet vil i samråd med relevante departement og styret for institusjonen vurdere om det kan vere tenleg med ei nærare samordning eller samanslåing av bibliotekoppgåver i Nasjonalbibilioteket og ABM-utvikling – eventuelt om det kan vere ei løysing å overføre bibliotekoppgåver frå ABM-utvikling til Nasjonslbiblioteket. Eit viktig siktemål vil vere å klargjere grensedraginga mellom ABM-utvikling og dei samlingsforvaltande institusjonane på abm-feltet.

Stortinget handsama St.meld. 23 så var dei meir opptekne av avklaring enn overføring:

Komiteen registrerer at departementet i meldingen tar til orde for å vurdere en endring av oppgavedelingen mellom ABM-utvikling og Nasjonalbiblioteket. Komiteen støtter departementet i at en avklaring av oppgavefordeling mellom ABM-utvikling og Nasjonalbiblioteket kan være naturlig.

Det er vanskeleg å vera motstandar av at det er klåre linjer mellom ABM-U og NB. Eg er likevel særs skeptisk til at NB skal «ta over» bibliotekoppgåvene frå ABM-U, eller at ABM-U skal fragmenterast slik NB luftar i si høyringsfråsegn til evalueringa av ABM-Utvikling.

NB er viktig som varetakar, forvaltar og formidlar av kulturarv, men eg er overtydd om at utviklinga av HEILE bibliotekfeltet treng eit ABM-U som kan jobbe med bibliotekfeltet i full breidd utan å vera bundi opp i eiga bibliotekdrift.

Oppdatering 7.12.: Lesarinnlegg i Aftenposten frå NBF, Fagforbundet, Bibliotekarforbundet og Kulturforbundet.

Advertisements
  1. 14. desember 2009 ved 15:42

    Feltet trenger i høyeste grad en sterk og strategisk utviklingsaktør på nasjonalt nivå – med bred kontaktflate, selvstendige meninger (vis-a-vis departementene) og stor vilje til faglig dialog.

    ABM-utvikling ligger nærmest til å ivareta disse oppgavene. Under andre forhold kunne kanskje NB vært aktuell, men biblioteket har i praksis valgt en helt annen (og tungt sentralstyrt) strategi.

    Dagens problemer med enkelte utviklingstiltak er ikke av teknisk, men heller strategisk art: for lite omverdensanalyse, for lite «under huden» forståelse av 2.0-fasen. Vanskelig å legge om i tide.

    Mens andre prosjekter (23ting, spillsatsing) treffer både blink og planke.

  2. 8. desember 2009 ved 20:56

    Vidar repliserer:»Inntrykket er òg at fagbiblioteka kjenner saknet av Riksbibliotektenesta.» Inntrykket stadfestes, i hvert fall sett fra mitt hold. Se ellers noen få linjer om UiO, UBO, NB, ABM, U/H og litt RBT (pust, pes) på http://ubtinget.wordpress.com/2009/12/07/abm-nb-og-ub/.
    – Halvor

  3. Mariann Schjeide
    6. desember 2009 ved 13:11

    Vidar seier at det er vanskeleg å vere motstandar av at det er klåre linjer mellom ABMU og NB. Det er heilt riktig, og det er også lett å forstå at det kan vere fristande å rasjonalisere og «nedbyråkratisere» feltet. Men ABMU har som si viktigaste oppgåve å drive strategisk utviklingsarbeid, samordne, effektivisere, sjå dei store linjene for god bibliotekdrift. NB skal så mykje, mykje meir med eit overhengande og krystallklart mandat som forvaltar og formidlar. Eg veit det ikkje, men eg kan ikkje tenke meg at NB sjølve heller ønskjer å bli tildelt desse oppgåvene som ABMU har i dag, det kan då ikkje nokon vere tente med, og kanskje aller minst NB. Eg trur som biblioteksjef også, at ABMU etterkvart er i ferd med å finne si form etter kanskje noko famling dei første åra. Eg har også stor tru på at ABMU går i riktig retning no når dei også har fått ny direktør som har ord på seg for å vere uredd og framtidsretta. La oss i alle fall før noko som helst skjer få ei reell avklaring på kven som er tente med ei overføring av oppgåvene til NB. Eg kan ikkje sjå for meg at dette er ein ønskesituasjon for nokon av partane, aller minst biblioteka utover i landet.

    • Vidar Lund
      7. desember 2009 ved 08:20

      Det er klart, ABM-U har nokre store utfordringar som ikkje har fått si løysing enno. Det er berre å nemne tiltak som digitale tenester (Biblioteksvar og Ønskebok), prestisjeprosjektet litteratursida.no (som dei tok tilbake frå Stavanger) og bibliotekstatistikken. Dei har eit høgt fagleg nivå, men førebels har det diverre skorta ein del på gjennomføringsevna! Inntrykket er òg at fagbiblioteka kjenner saknet av Riksbibliotektenesta.

  1. No trackbacks yet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: