Arkiv

Archive for desember 2009

Kva skal NBF gjera i 2010-2012?

14. desember 2009 2 kommentarar

Norsk bibliotekforeining har ein verkeplan (NB: ikkje verkjeplan…) som blir vedteken på landsmøta. Verkeplanen for 2008-2010 er på 12 punkt som varierer frå det som er prinsipp (arbeide for gratisprinsippet) til det ugjennomførlege (iverksetje eit program for mobile bibliotektenester).

Vi hadde ein runde om dette på kontaktmøtet i oktober og styremøtet i desember. Det er styret som skal koma med framlegg til landsmøtet om verkeplan, så det er berre tida og vegen. Underteikna leiar ei arbeidsgruppe der òg Ola Eiksund, Halvor Kongshavn og Ingeborg Rygh Hjorthen sit. Vi skal koma med eit framlegg til styremøtet i byrjinga av februar. Konklusjonen frå styret så langt er at planen bør skifte namn til handlingsplan, bli meir konkret og peike på aktuelle bibliotekpolitiske spørsmål: kvar vil vi at NBF skal vera om to år? Les meir …

Advertisements

ABM-Utvikling og Nasjonalbiblioteket

5. desember 2009 4 kommentarar

Den største diskusjonen om biblioteka i statsbudsjettet (etter vonbrotet over manglande millionar til folkebiblioteksatsing) gjeld arbeidsfordelinga mellom ABM-Utvikling (ABM-U) og Nasjonalbiblioteket (NB). Norsk bibliotekforeining (NBF) har jobba mykje med dette, og har no hatt møte med alle dei raudgrøne fraksjonsleiarane i Familie- og kulturkomitéen på Stortinget. Les meir …