Heim > bibliotek, e-bøker > E-bøker i biblioteka – vinn eller forsvinn?

E-bøker i biblioteka – vinn eller forsvinn?

Etter ein mislukka freistnad rundt tusenårsskiftet ser det ut til at det blir fart i den norske ebokmarknaden igjen. Digitalbok.no sel allereie bøker, og snart er Den norske bokdatabasen i gang med Digital distribusjonssentral, som eit tilbod for alle forlag og bokhandlarar. Tanken har nok vori der eit par år, men det ser ut til at lanseringa av Amazon Kindle i Europa er det som verkeleg har fått fart i sakene.

Korleis kjem dette til å slå ut for biblioteka? Det er mi sterke overtyding at vi må vera på plass heilt frå byrjinga. Vi kan ikkje late eit heilt nytt medium som leverer same innhald som papirbøker gå forbi oss. Likevel: det er openbert nokre utfordringar, både for bibliotek og forlag!

Gratisprinsippet er noko av det mest «heilage» i bibliotekverda. Det må vi klare å halde fast på. Din privatøkonomi skal ikkje avgjera kva litteratur du har tilgang til. Spørsmålet er KORLEIS vi kan halde fast på gratisprinsippet. Her må det samtalar til med dei som har opphavsretten til verka. Biblioteka kan ikkje bli sentralar for ulovleg fildeling.

Morten Harry Olsen har skrivi ein rapport for Norsk kulturråd der han dreg opp nokre utfordringar/krav som han meiner bør stillast for at biblioteka skal kunne «låne ut» digitale bøker – eller digitalt materiale generelt som det eigentleg er snakk om. Heile rapporten ligg hjå Norsk kulturråd. Her er hovudkonklusjonane hans som gjeld bibliotek:

[Konklusjon] I forhold til biblioteksektoren

NKR [Norsk kulturråd] vil snarest innlede samtaler med aktører i biblioteksektoren med henblikk på å drøfte og avklare de nedenstående spørsmålene og mulighetene.

NKR mener det er viktig at:

  • e-boka inntil videre også må utgis som papirbok innenfor samme år
  • IO-bøkene og andre bibliotekeksemplarer har samme DRM og utlånsbegrensninger
  • e-boka ikke øker bibliotekenes kostnader på grunn av tilrettelegging eller klargjøring, utover det som er naturlig å regne med, og betinget av bibliotekets egne behov
  • bibliotekfilene er selvdestruerende idet utlånstiden går ut
  • en e-bok som meldes til innkjøpsordningene, må være nyskrevet og ikke tidligere utgitt i papirversjon; at den originale førsteutgaven skiller seg ettersporbart fra senere utgaver, og at det innføres sikre rutiner for at det skjer; og at det blir belyst om plagiatprogrammer som benyttes i undervisningssektoren eller andre tekniske løsninger kan bidra til dette

NKR vil selv:

  • følge med de pilotprosjektene (Bokhylla, Buskerud o.a.) som er i gang i egen eller andres regi, for å trekke lærdom av disse

NKR vil i samarbeid med aktører innenfor biblioteksektoren søke å få belyst:

  • hvorvidt deres DRM-system bør inneholde metadata om låneren, og være ”hardere” enn for kommersielle eksemplarer
  • om det bør innføres absolutte sperrer for viderelån av bibliotekeksemplarene, og om de følger opp de mulighetene som ligger i de teknologiske systemene de har valgt
  • spørsmålet om digital sentral i lys av e-bokutviklingen
  • mulige løsninger som kan virke besparende, forutsatt at det ikke slår negativt ut for forfatterne eller forlagene, deriblant:
    • undersøke om tekniske løsninger i grensesnittet mellom forlagets pliktavlevering til Nasjonalbiblioteket, leveranse av e-bøker til bibliotek/IO, og leveranse til kommersielle bokdatabaser kan frigjøre midler og f.eks. gi rom for å fjerne avkortingen i arkprisen (jfr. spørsmålet om digital sentral, ovenfor)
  • nye punkter om leveringsbetingelsene, bl.a. valg av format, DRM-system og andre metadata, hvor filene skal leveres, og tidspunkt for levering i retningslinjene og avtalene for IO-titlene, deriblant:
    • om IO’s samhandling med logistikkdelen av verdikjeden må vurderes særskilt i forhold til e-boka, med henblikk på om det bare skal stilles en kravspesifikasjon til forlagene, som sørger for at e-boka avleveres korrekt til et uspesifisert distribusjonsledd (kommersielle eller offentlige), hvoretter disse aktørene styrer prosessen videre selv
  • om Lyd- og blindeskriftsbibliotekets spesielle og fremskredne kompetanse kan gi fruktbare innspill til de teknologiske standarder som IO-titlene vil benytte seg av, og/eller mulige samarbeidsområder innenfor de prøveprosjektene som NKR vil være en del av
  • om det bør tenkes nytt om en digital formidling av IO-bøkene, og om det bør knyttes et formidlingsaspekt til IO

DRM sigler opp som eit viktig tema her. Dette blir løyst på ulikt vis i dag. Kjøper du ei ebok frå Digitalbok.no står namnet ditt på kvar einaste side i boka du kjøper. Kjøper du ei bok hjå somme engelskspråklege bokhandlar kan du laste ned inntil 6 gonger. Hjå Amazon kan du i utgangspunktet berre lesa på Kindle, og dei kan t.o.m. slette boka dersom det syner seg at dei eigentleg ikkje har lov til å selje henne til deg. Biblioteksentralen promoterer BS Weblån, der du «låner» eit digitalt dokument ein viss periode. Når perioden går ut blir fila øydelagd. Noko liknande ligg inne i Buskerud fylkesbibliotek sitt prosjekt òg.

Utfordringa med ein slik DRM-modell er at ein hermar etter papirboka når det gjeld lånetid, innlevering (sletting), ventelister m.m. Det gode med modellen er at det kan gjera økonomien til biblioteka meir føreseieleg, ved at ein kjøper «eksemplar» og ikkje treng å betale noko per nedlasting. Likeins blir det ikkje noko nytt system, ein forheld seg til same modell som før: biblioteket sikrar deg gratis tilgang for ei viss tid. Vil du ha dokumentet permanent må du kjøpe det.

Løysinga er ikkje uproblematisk i høve til dagens praksis heller. Vi skal hugse at det er fullt lovleg å kopiere ei bok du har lånt på biblioteket, eller spele lydboka over til iPod-en din. Du har berre ikkje lov til å spreie kopien utanfor din eigen krins av slekt og nære vener. Modellen med automatisk sletting gjev altså lånarane færre rettar enn dei har i dag, særleg om ein vurderer at det ikkje skal vera mogleg å vidarelåne innanfor lånetida heller.

Når det gjeld metadata om lånaren meiner eg at dersom ein har ei fil som er sjølvdestruerande og ikkje kan kopierast (vidarelånast) trengst det ingen metadata om lånaren, berre om biblioteket. Dersom det derimot skulle bli slik at ei fil kan delast med andre innanfor «lånetida» og alle kopiar blir destruert samstundes, kan det vera eit poeng med vassmerking av fila for å sikre at ho går innanfor dei som elles blir rekna til den nære krinsen.

Utgangspunktet for rapporten er innkjøpsordningane og e-bøker. Eg trur at det blir få e-bøker på innkjøpsordningane dei nærmaste åra, det kjem an på ting som momsfritak og prisstruktur. Det kan godt bli ulike løysingar på ulike media. Dersom innkjøpsordninga for musikk kunne komi digitalt kunne det vori med på å auke merksemda rundt slike løysingar i biblioteka. Det same gjeld somme litteraturformer som poesi og skodespel. Poesi er ei form som kan eigne seg godt for små skjermar som mobiltelefonar, medan digitale skodespel kan lesast på skjerm av dei som har lyst til å prøvelesa før teaterlaget set opp eit stykke. Biletbøker for barn er meir slitesterke på papir, mange av dei har òg ein funksjon der ungane kan ta eller bite i dei…

Biblioteka kan få viktige roller i utbreiinga av e-boka. For det fyrste vil vi kjøpe dei. For det andre, som både bokhandlarar og forlag bør ta til seg, kan vi vera med på å lære opp folk i denne måten å tileigne seg litteratur på. Slik kan biblioteka vera med på å skape ein kritisk masse av kundar, og gje e-boka eit løft allereie frå starten. Men då må vi få lov til å vera med.

Ressursar

Advertisements
Kategoriar:bibliotek, e-bøker
  1. Ingen kommentarar enno.
  1. No trackbacks yet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: